Råd for fredeleg sameksistens med svanene i Os

Knoppsvane2005-1 - Klikk for stort bilete Svaner er ein relativt ny art på Vestlandet. Oselvo og Os hamn var første staden eit svanepar etablerte seg på Bergenshalvøya, noko som viser at området er eit godt habitat for svaner.
Vi ønskjer å ha svaner i Oselvo. Svaner er ein vill art, og for at vi skal leve fredeleg side om side med dei, er det viktig at alle veit korleis vi skal respektere dei og oppføre oss mot dei.
 

  • Hald avstand! Ikkje oppsøk svanene. I hekketida frå april til juli kan svanene vere spesielt aggressive fordi dei vil beskytte reiret, egga og ungane sine. Dersom du høyrer kvesing, er det svana som åtvarar deg mot å kome nærare. Både svaner og reirplassen deira er freda.
  • Vis omsyn! La svanene vere i fred. Plaging av svanene vil bli meldt til politiet/Mattilsynet. Ser du nokon som plagar svanene frå land eller båt, ta bilete og send til politiet. 
  • Ver venleg å ikkje mate svanene. Unntaket kan vere i lange kuldeperiodar. Svanene er ville dyr som sjølve finn maten dei skal ha i naturen. Det er òg viktig at svaneforeldra lærer opp ungane sine til å finne mat på ein naturleg måte.
  • Hald hunden i band! Omsyn til hekkande fuglar er ei av årsakene til bandtvang.