Bosset vert henta, trass konkurs

RenoNorden meldte måndag kveld at dei er konkurs. Bosset vert likevel henta som normalt inntil BIR er samde med konkursboet om kva dei gjer vidare.

BIR sitt eige transportselskap, BIR Transport AS, overtek innhentinga av avfall inntil vidare.

RenoNorden hentar avfall frå hushaldningskundane i kommunane Askøy, Fusa, Os, Osterøy, Kvam, Samnanger, Sund og Vaksdal.

Hushaldningskundar vil forhåpentlegvis ikkje verte ramma av konkursen. BIR informerer om så skulle skje.