E39, Svegatjørn - Bergen grense. Godkjent flytting av tilkomst Kolskogen 17 og 19

I medhald av Os kommune sitt delegasjonsreglement og i medhald av §§ 12-12 og 12.14 i Plan- og bygningslova, har kommunalsjef for samfunnsutvikling godkjent endring av reguleringsplanen for E39, Svegatjørn – Rådal, ny tilkomst til Kolskogen 17 og 19.

Godkjenning av endring Svegatjørn - Bergen grense - Klikk for stort bilete

Planen med endring ligg til gjennomsyn i kommunetorget, Rådhuset. Frist for å kome med eventuell klage er 2. februar 2018.
Planen er bindande for alle arbeid og tiltak innafor planområdet, jfr. § 12-4 i Plan- og bygningslova.

Du kan klage på vedtaket til Os kommune innan 2.februar 2018. Eventuell klage skal sendast til Plan- og bygningsutvalet i Os, Postboks 84, 5202 OS. Ver venleg og vis til saksnummeret 17/3678.

For å sjå aktuelle dokument, klikk her: 17/3678

Eventuelle krav om erstatning eller innløysning må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jfr. §§ 15-2 og 15-3 i Plan- og bygningslova. Det blir elles vist til § 12-12 i Plan- og bygningslova.