Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Bjørnafjorden kommune. Høyring

Klikk for stort bilete

 

Fellesnemnda har i møte 11. februar 2019, sak 14/2019, gjort vedtak om å legge utkast til lokal forskrift for vass- og avløpsgebyr ut på høyring. Høyringsfrist er 10. mai 2019.

Sjå framlegg til lokal forskrift for vass- og avløpsgebyr i Bjørnafjorden kommune.

Sjå Fellesnemnda sitt vedtak om full sjølvkost i Bjørnafjorden kommune.

Bakgrunn

Utrekningsmåte, innkrevjing og storleik på kommunale vass- og avløpsgebyr blir fastsette i lokale forskrifter med heimel i forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta) § 16-1, og lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg § 5, jf. § 4.

Fusa kommune og Os kommune reknar ut vass- og avløpsgebyr på ulik måte. For Bjørnafjorden kommune må vi difor einast om ein felles måte.
Forskrifta skal gi reglar om:

  • Gebyrtypar
  • Storleik
  • Utrekning og innkrevjing

Om forskriftene i Os og Fusa i dag

Dagens forskrifter i Os og Fusa er utarbeidde på bakgrunn av ein eldre rettleiar. Administrasjonen har tatt høgde for juridiske endringar og avklaringar som har kome dei siste åra i utarbeidinga av framlegg til ny forskrift.

Mål for ny forskrift

  • Forskrifta skal vere enkel å forstå for både administrasjon, politikarar og innbyggarar i Bjørnafjorden kommune
  • Rettferdig kostnadsfordeling og like reglar
  • Digitalisering og automatisering av prosessar

Dette er annleis i det nye framlegget til forskrift

Gebyrgrunnlag og arealutrekningsmetode:

Gebyr blir rekna ut frå det samla arealet av bygningar på eigedomen. Arealet blir målt etter NS 3490- Bruksareal. Det er også dette arealet som blir ført i matrikkelen (eigedomsregisteret) for kvar enkelt bygning.

Det er fleire fordelar ved å nytte denne metoden: Grunnlaget for gebyret blir eintydig og mogleg å etterprøve. Samstundes er det mogleg å automatisere utrekning og fakturering ved å hente opplysningane frå matrikkelen, som er eit offentleg register.

Eingongsgebyr:

Eingongsgebyr blir rekna per m2 bruksareal (BRA).

Utrekning og fakturering kan automatiserast, og abonnenten kan lett kontrollere at gebyret er riktig ved å kontrollere mot bruttoarealet som er registrert i matrikkelen..

Årsgebyr:

Årsgebyret vil framleis vere delt i eit abonnementsgebyr og eit forbruksgebyr.

Abonnementsgebyret blir rekna ut ved å gange m2 bruksareal (BRA) med pris per m2.

Forbruksgebyret kan reknast etter målt eller stipulert forbruk.

  • Målt vassforbruk føresett bruk av vassmålar. Faktisk forbruk blir ganga med pris per m3.
  • Stipulert forbruk: Bruksareal (BRA) blir ganga med ein omrekningsfaktor (talet på m3 per m2 bruksareal per år) gange pris per m3.

Prisar:

Prissatsane blir ikkje sette i forskrifta, men av kommunestyret i årleg vedtak om prisar på kommunale tenester.

Høyringssvar:

Sjå utkast til lokal forskrift for vass- og avløpsgebyr i Bjørnafjorden kommune ved å klikke på lenka under.

Har du merknader?
Send til postmottak@os-ho.kommune.no

Ver venleg og vis til saksnummeret 19/927.  

Høyringsfrist er 10. mai 2019.