Framlegg til barnehage- og skulerute 2019/2020

Framlegg til barnehagerute og skulerute for grunnskulen i Os for skuleåret 2019-2020 er klart, og blir med dette sendt ut på høyring.

Frå 01.01.2020 blir Os og Fusa kommunar slått saman til Bjørnafjorden kommune. Fusa kommune har alt laga og vedtatt si skulerute for dette året.
For våren 2020 skil kommunane seg slik: 2. januar har kommunale barnehagar fri i Fusa kommune. Siste skuledag for Fusa kommune er torsdag 18. juni 2020. Utover dette er skulerutene like våren 2020.


Dette er framlegget:

Utviklingsdagar: Skulen har 3 utviklingsdagar før skulestart og 3 utviklingsdagar gjennom skuleåret. 8. nov, 31. jan. 22. mai.

SFO: Ferieope SFO er 10 dagar før skulestart og 5 dagar etter skuleslutt. I tillegg kjem haustferie og vinterferie

Barnehage: Kommunale barnehagar har 5 utviklingsdagar.

Dette er framlegget:

Ferie/fridag

Frå og med - til og med

SFO ferieope

01.08.19 - 14.08.19

Utviklingsdagar barnehage

14.08.19 - 16.08.19

Første skuledag

19.08.19

Haustferie. SFO ferieope

07.10.19 - 11.10.19

Utviklingsdag barnehage/skule. Fridag for elevane. SFO stengt.

08.11.19

Juleferie

23.12.19 – 01.01.20

Utviklingsdag barnehage/skule.
Fridag for elevane. SFO stengt.

31.01.20

Vinterferie. SFO ferieope

24.02.20 - 28.02.20

Påskeferie

06.04.20 - 13.04.20

Offentleg høgtidsdag

01.05.20

Grunnlovsdag

17.05.20

Kr. himmelfartsdag

21.05.20

Utviklingsdag barnehage/skule. Fridag for elevane. SFO-stengd.

22.05.20

2. pinsedag

01.06.20

Siste skuledag

19.06.20

SFO ferieope

20.06.20 – 26.06.20

Skuleruta for grunnskulen skal utformast som lokal forskrift, jf. opplæringslova §2-2.


Høyringspartar er grunnskulane i Os kommune, organisasjonane og skulane sine rådsorgan, representert ved FAU og SU. Vi sender òg til barnehagane og deira organisasjonar og rådsorgan.

Har du merknader eller innspel til framlegget til barnehage- og skuleruta? Gi oss tilbakemelding elektronisk på dette skjemaet. 

Har du spørsmål? Ta kontakt med fagsjef for Oppvekst og kultur, Per Olav Sørås på e-post: pos@os-ho.kommune.no
eller telefon: 56 57 50 72 


Høyringsfrist: 28. november 2018