Gåsakilen felt BKS1 og BKS2, vedtak av detaljreguleringsplan

Klikk for stort bilete

  • Vedtak av detaljreguleringsplan for Gåsakilen BKS1 og BKS2
  • Frist for å klage: 20.08.2019
  • Arkivsak: 17/3630

I medhald av § 12-12 i plan- og bygningslova har kommunestyret i Os i møte den 18.06.2019, sak 54/2019,  godkjent detaljreguleringsplan for Gåsakilen felt BKS1 og BKS2.

Føremålet med planen er å regulere for konsentrerte bustader i form av lavblokk og rekkehus. Det er opna for å bygge 75 bueiningar innanfor planområdet. Planen regulerer òg for grøntstruktur og sikringssone knytt til kulturminnet Den Stavangerske postveg.

Planen er bindande for alle arbeid og tiltak innafor planområdet, jfr. § 12-4 i Plan- og bygningslova.

Frist for å klage på vedtaket er 20.08.2019.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysning må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jfr. §§ 15-2 og 15-3 i Plan- og bygningslova. Det blir elles vist til § 12-12 i Plan- og bygningslova.

Eventuell klage skal sendast til postmottak@os-ho.kommune.no

Ver venleg og vis til saksnummeret 17/3630.

Lenke til arkivsak