Osøyro ytre hamnebasseng, godkjent detaljplan for bølgebrytarar

Os kommunestyre har den 19.12.17 godkjent overnemnde reguleringsplan med tilhøyrande føresegner.

Planområdet er på om lag 114 daa. Planen legg til rette for utlegging av inntil 4 bølgjebrytarar for skjerming av Os ytre hamnebasseng. Arealet kan nyttast til hamneområde i sjø, fritid, fiske og ferdsel i sjø.

Plankart for bølgebrytarar - Klikk for stort bilete

Klage på planvedtaket
Planen ligg til gjennomsyn i kommunetorget på Rådhuset i 3 veker frå denne kunngjeringa. For å sjå dokumenta i saka, ta kontakt med kommunetorget eller klikk på denne linken: Sak 16/3399. Frist for å kome med eventuelle klager er 2. februar 2018.

Planen er bindande for alle arbeid og tiltak innafor planområdet, jfr. § 12-4 i Plan- og bygningslova.

Du kan klage på planvedtaket til Fylkesmannen innan 2.februar 2018.

Eventuell klage skal sendast til:
Plan- og bygningsutvalet i Os
Postboks 84, 5202 Os
Ver venleg og vis til saksnummeret 16/3399.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysning må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jfr. §§ 15-2 og 15-3 i Plan- og bygningslova. Det blir elles vist til § 12-12 i Plan- og bygningslova.