Hugs å ikkje sløse med vatn!

vass-kapasitet - Klikk for stort bilete Når varmen stig, aukar også vassforbruket! Det varme véret gir oss nokre utfordringar. Vassreinseanlegget jobbar på spreng for å levere nok og reint vatn til abonnentane.

Annlegget som syt for trygt og hygiensk vatn gjekk søndag 27.05.18 på maksimal kapasitet, og klarte nesten ikkje å levere nok til det auka forbruket.

Vi oppmodar deg til å redusere bruk av spreiarar og slanger til hagevatning og liknande.

Om forbruket framleis ikkje går ned, vil Os kommune vurdere å sende ut forbod mot hagevatning/bruk av spreiarar i ein periode om varmen held fram.