Informasjon om vegstenging i Kolabakkane

Måndag 09. september startar gravinga frå krysset i Kolabakkane og opp mot Midtskogvegen.

Kolabakkane vil difor vere stengt for biltrafikk frå kl. 08.00 måndag til kl. 19.00 torsdag kvar veke fram til arbeida er ferdig. Arbeida er planlagt å vere ferdig i desember.

I veke 37 og 38 er vegen stengt ved Kolabakkane 4, medan veke 39 vil vegen etter planen vere stengt ved Kolabakkane 2.

Vi oppmodar bebuarar til å nytta den midlertidige parkeringa medan vegen er stengt. Sonesperra langs Midtskogvegen er midlertidig oppheva, og det er òg mogleg å parkere på lagerplassen ovanfor busstoppet.

Gangvegen vil vere opna for gåande og syklande, men skal i tillegg nyttast som beredskapsveg for utrykkingskøyretøy. Det vil alltid vere mogleg å passere graveområdet til fots. Vi oppmodar likevel turgåarar og folk som ikkje har tilknyting til området om å finne alternative ruter.

Kontaktpersonerson på prosjektavdelinga er Lene Nordstrønen, tlf: 926 18 934Klikk for stort bilete