Kartlegging av private vass- og avløpsnett

I vår vil Os kommune starte arbeidet med å kartlegge mellom anna stoppekraner, kummar og private vass- og avløpsleidningar for å få dei registrerte i det digitale kartet vårt. 

Betre oversikt vil gi sikrare varsling ved arbeid på leidningsnettet, til dømes brot eller stopp i vassforsyninga, kokevarsel og liknande, og vere til hjelp både for deg som innbyggar og oss som jobbar med dette i kommunen.

I samband med kartleggingsarbeidet, må vi gå inn i private hagar og eigedomar. Vi håpar på forståing for dette. Dersom du har informasjon om det lokale leidningsnettet, må du gjerne ta kontakt med oss når vi skal kartlegge i ditt område.

Du vil få varsel på SMS før vi startar kartlegging i ditt område.

Kontakt

Borgny Høvring
VA-ingeniør
Steinar Bergheim
avd. ingeniør kart
Telefon: 56 57 53 83
Mobil: 468 30 610