Kokevarsel for Halhjem, Søre Øyane, Kuvågen og Søre Neset

Klikk for stort bilete Tekniske tenester i Os kommune har sendt ut ei anbefaling om å koke drikkevatnet i områda Halhjem, Søre Øyane, Kuvågen og Søre Neset frå klokka 10, fredag 1. februar 2019. 
Sjå merka område i kartet (trykk på kartet for større bilete).
Årsaka er ei hending under arbeid med vassleidningsnettet i natt.

Alt vatn til drikke, matlaging og tannpuss må kokast før inntak. Sjå kva Mattilsynet anbefalar at du gjer når du får varsel om å koke drikkevatnet. Vi beklagar ulempene, og jobbar så raskt vi kan for å løyse problemet.
Ny melding kjem når problemet er løyst.