Kokevarselet for vatn frå høgdebassenget på Bjørnen er oppheva

Klikk for stort bilete

Onsdag 21. august sendte vi ut kokevarsel til abonnentar som får vatn frå høgdebassenget på Bjørnen (området er markert på kartutsnittet).
Årsaken var at rutinemessige vassprøver viste indikasjonar på forureining. To ny prøver, tatt med 24 timars mellomrom, viser at det ikkje er forureining i vatnet. Kokevarselet er difor oppheva.

Alle berørte har fått melding om at kokevarselet er oppheva.

Har du ikkje fått melding om kokevarsel/oppheving av kokevarsel? Kontaktinformasjonen blir henta frå kontakt- og reservasjonsregisteret til Difi.  Sjekk at du er registrert med riktig telefonnummer.

Her kan du registrere og oppdatere kontaktinformasjonen din.
 

Kontakt

Teknisk vakt
Os kommune
Mobil: 982 34 440