Leig terapibassenget på Luranetunet

Klikk for stort bilete

Du kan leige terapibassenget på Luranetunet. Ergo- og fysioterapitenester har ledige timar om ettermiddagen og kvelden.

Prisen er 450 kroner per time.

Bassenget er 5x9 meter, og er frå 0,9 til 1,5 meter djupt. Bassenget har trapper ned i vatnet, men er også tilrettelagt med heis.

Minst éin av leigetakarane må ha livreddingskompetanse, og det kan ikkje vere meir enn ti personar i bassenget samtidig.

Har du spørsmål? Ta kontakt med bassengansvarleg Sissel-Mette Kanestrøm på 959 35 237 eller skan@os-ho.kommune.no .