Mulegheitsstudie for Finnebrekka. Opent møte i Kyrkjetunet 5.februar kl. 18.30

Forside mulegheitsstudie Finnebrekka - Klikk for stort bilete Asplan Viak har utarbeidd ein mogelegheitsstudie for framtidig utvikling i Finnebrekka. Studien er eit innspel til kommunen sitt arbeid med ny sentrumsplan.

Asplan Viak presenterer rapporten i Kyrkjetunet måndag 5.februar, klokka 18.30.

Møtet er opent for alle interesserte!

Du kan laste ned rapporten her (PDF, 20 MB) NB! Filstørrelse er 20MB og det kan ta noko tid å laste ned fila. 

Byplangrep og offentlege areal

Mulegheitsstudie er eit redskap som kommunen nyttar som del av planlegginga for å finne relevante og realisiske utviklingsscenario for gitte område. Arbeidet som no vert presentert blir å rekne for eit innspel til korleis kommunen bør gå vidare med planlegginga i området.

Studiet rår kommunen til å fokusere på korleis ein kan knytte sentrum saman med ein ny gangbroforbindelse frå den planlagte elveplassen til Finnebrekka / Orrebakken. Gangbrua landar på eit elvetorg som vert omkransa av småskalert bustad og næringsutvikling med offentlege areal, servering, handel med vidare.

Det er lite offentlege areal i området. Studien viser ein nyhovudgangveg ned Gamle Finnebrekka som knytt seg direkte mot Osøyro via gangbru. Langs vegkantane kan det lagast til mindre lommeparkar. Vegen er foreslått stengt på midten der ein lagar til park, møteplass og leikeområde. Det er sett på mulegheiter for ein strandsti bakom og mellom naustrekkene oppover elva.

Studiet viser mulegheiten for å kople Finnebrekka mot Hamnvegen, slik at ein kan stenge dagens utkøyring mot Hatvikvegen.

Utbyggingsmønster - Småskala fortetting.

Asplan Viak vurderer det som lite realistisk å planlegge for tung transformasjon / byutvikling i området grunna høge kostnader knytt til tomteerverv. Studiet rår Os Kommune til å planlegge for ein fortetting innafor dagens eigedomsstruktur der ein eller fleire grunneigarar kan gå i lag og utvikle sine areal med fleirmannsbustader. Studiet viser ein rekke eksempel til måter ein kan gjere dette på.