Ope møte om Finnebrekka/aust om elva torsdag 02.11

Som ein del av arbeidet med ny sentrumsplan for Osøyro inviterer kommunen til ope folkemøte om sentrumsutvikling  aust om elva.

Møtet finn stad 2. november kl 18.00 i Storsalen på Kyrkjetunet.

Bakgrunnen for møtet er arbeidet med mogelegheitsstudien for Finnebrekka-området. Planavdelinga vil gå gjennom status for områdeplanen. Asplan Viak er tildelt arbeidet med moglegheitsstudien og vil presentere korleis dei har tenkt å arbeide med denne.

Etter dette får tilhøyrarane høve til å sei og vise kva dei meiner og tenker om Os si utvikling.

Det vert stilt 5 spørsmål:

  1. Kva er det beste med Osøyro / Os sentrum?
  2. Kan du nemne ein stad / by og eit par kvalitetar derfra du tenkjer vi kan lære av i Os?
  3. Kva bustadtyper manglar i Os sentrum?
  4. Kva er Osøyro sin identitet?
  5. Kva saknar du i Os sentrum?

 

Vel møtt til alle interesserte!