Oppstart av arbeid i Kolabakkane

Prosjektavdelinga i Os kommune startar snart opp arbeidet med å skifte ut dei kommunale hovudleidningane for vatn og avløp i Kolabakkane. Det er entreprenør Vassbakk og Stol AS som skal utføra arbeidet for Os kommune.

På vegne av Os kommune sende Haugen VVA  ut nabovarsel i samband med dette tidlegare i år.

Entreprenøren vil starta med arbeidet i løpet av veke 18. Dei vil starta med å laga ein mellombels parkeringsplass på den kommunale eigedomen ved krysset Midtskogvegen/Kolabakkane. 

Etter planen skal arbeidet vera ferdig i løpet av desember 2019.

I samband med oppstart av arbeidet, ønskjer vi å invitera deg som er grunneigarar til eit møte måndag 29. april 2019, kl. 17 i Kommunestyresalen i 4. etasje i Os rådhus.
(Hovudinngangen stenger kl. 17. Bruk inngang «D» frå baksida ved oppmøte etter kl. 17.)

Vi vil halda ein kort presentasjon av planen for arbeidet. Dersom du har informasjon eller spørsmål om private stikkleidningar som ikkje er kartfesta, spesielle behov eller anna, vil vi gjerne at du legg dette fram i møtet. 

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med Lene J. Nordstrønen

Telefon: 5657 5306 | Klikk for stort bileteMobil: 926 18 934 | E-post: ljno@os-ho.kommune.no