Planlegg de bryllaup?

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyllar krava for å inngå ekteskap, såkalt "Prøving av ekteskapsvilkår".
Frå juni 2018 kan du søkje om prøving av ekteskap digitalt.

"Prøving av ekteskapsvilkår" inneber at de loggar dykk inn på www.skatteetaten.no , og oppgir ein del opplysningar. Handsamingstida kan vere inntil tre veker dersom det er behov for manuell oppfølging, så vær ute i god tid, men likevel ikkje meir enn fire månader før bryllaupet skal stå. Ein prøvingsattest er kun gyldig i fire månader, fordi opplysningane de oppgir må vere ferske.

Bryllup1 - Klikk for stort bilete

Begge komande ektefeller må fylle ut kvar si eigenerklæring, og forlovarane fyller ut forlovarerklæring. Noken må fylle ut litt meir: Har du til dømes vore gift tidlegare, vil det i noken døme vere behov for å leggje ved ei erklæring om skifte. Ønskjer du å endre namn, må du fylle ut ei melding om endring av namn. Alt kan fyllast ut digitalt via Skatteetaten sine nettsider.

Når saka er ferdig handsama, får de melding om å logge dykk inn i Altinn for å laste ned prøvingsattesten som stadfester at de kan gifte dykk. Prøvingsattesten kan de velgje om de vil sende vidare frå Altinn i ein e-post til vigslar, eller skrive ut og ta med ein kopi. Gratulerar! No er de klare for å inngå ekteskap!

Vil de gifte dykk i utlandet?

I den første versjonen av løysinga, vert kun prøving av ekteskap etter norsk rett handsama. Det betyr følgjande for dei som planlegg bryllaup i utlandet:

1: Ønskjer de å gifte dykk på norsk ambassade eller sjømannskirke i utlandet? Då giftar de dykk framleis etter norsk rett, og kan nytte vår digitale løysing for prøving av ekteskap. Da går frem på same måte som når de giftar dykk i Noreg. Om de stettar krava for å inngå ekteskap, mottar de óg her ein prøvingsattest digitalt. Denne må de vidaresende, eller skrive ut og ta med dykk, saman med pass, til ambassaden eller sjømannskirka der de skal gifte dykk.

2: Ønskjer de å gifte dykk etter utenlandsk rett? Hvis de planlegg å gifte dykk etter utanlandsk rett i 2018, og ønskjer å prøve ekteskapsvilkåra i sommer, så kan de dessverre ikkje nytte vår nye innloggingsteneste, men må søkje på ordinær måte på papir. Vi venter at også denne tenesta vil bli tilgjengeleg digitalt i løpet av hausten 2018.

Ønskjer de meir informasjon om kva som vert krevd for å gifte seg, sjå Skatteetatens nettsider.

Os kommune har òg på sine nettsider meir informasjon om borgarleg vigsel.