Politivedtekter for Os kommune ute på høyring

I møte 16.mai 2017, fatta Os formannskap vedtak om at framlegg til reviderte politivedtekter for Os kommune skal ut på høyring. Høyringspartar er innbyggjarar, næringsliv, lag og organisasjonar i Os kommune.

  • Revidering av politivedtekter for Os kommune
  • Frist for å kome med innspel er 6. juni 2017
  • Arkivsak: 17/1544

Politivedtektene for Os kommune blei sist revidert i 1998. Politirådet i Os kommune har hatt sak om revidering av politivedtekter oppe til behandling i sine møte. Politirådet sine medlemmar er ordførar, varaordførar, lensmann, stedfortredar for lensmann, rådmann, assisterande rådmann, kommunalsjef for helse, omsorg og beredskap og brannsjef. 


Utkastet som foreligg byggjer på tilsvarande politivedtekter frå kommunar som er på storleik med, og med same demografi som Os kommune.

For å gje innspel, bruk digitalt skjema for høyringsuttale, eller send merknader til Os kommune, Postboks 84, 5202 Os eller til postmottak@os-ho.kommune.no.

Frist for å kome med innspel er 6.juni 2017