Pressemelding: Aina Tjosås sluttar som kommunalsjef for samfunnsutvikling

Klikk for stort bileteAina Tjosås har i dag sagt opp si stilling som kommunalsjef i Os kommune/Bjørnafjorden kommune.

- Eg beklager at Aina har levert oppseiinga. Ho har vore ein sentral bidragsyter i den kommunale leiinga, seier rådmann Christian F. Fotland.

Aina Tjosås starta i Os kommune som plan- og utviklingssjef i 2013. Ho blei seinare kommunalsjef for samfunnsutvikling.

- Det har vore ei spennande tid i Os kommune der vi gjennom tverrfagleg arbeid og på tvers av sektorar har jobba hardt for å legge til rette for gode kvardagsliv for osingane. Samstundes har det vore krevjande å stå i spennet mellom lokalpolitiske forventingar, statlege føringar og fagleg integritet. For min del er det difor tid for å gå vidare, men kor vegen går er framleis uvisst, seier Tjosås.

- Eg ønskjer Aina lykke til vidare, avsluttar Fotland.