Pressemelding Hamnesjefen er avliva

Etter at leiinga i kommunen i går vart gjort merksame på at «Hamnesjefen» igjen hadde gått til angrep på folk i gjestehavna i Os, vart det seint i går kveld tatt avgjerd om å avlive «Hamnesjefen. Det var ikkje hendingar i forkant av angrepet som ga grunn til eit slikt uprovosert åtak.

Vedtaket frå 3 juli vart sett i verk i natt og svana er no avliva av viltforvaltinga i kommunen.

Det er vanleg at knoppsvanene hekkar tett innpå folk og stort sett lever svaner og menneske godt i lag. Særleg i hekketida oppfører svanene seg naturleg aggressivt, men det er uvanleg at konfliktnivået gjer felling nødvendig. Det har vore fleire forsøk på å finne alternativ til avliving, men dei førte ikkje fram.

Når Os kommune likevel har gått til det skrittet å avlive «Hamnesjefen» er dette fordi han har utvikla ein aggressivitet som etter kvart har gjort det naudsynt med avliving for å sikre tryggleik til publikum. Vedtaket blei fatta 3. juli med fellingsløyve 23.7 -6.8. 31.7 blei fristen forlenga med 14 dagar til 19.8. Det var semje om at dersom det skulle skje ei hending til før avliving, eller alternativ var gjennomført, ville vedtaket straks bli effektuert. Etter hendinga i går konkluderte kommuneleiinga med at vi ikkje kunne ta ansvaret for å sende bort Havnesjefen, med fare for at han skulle skade folk på ein ny plass.