Stengt for parkering på Circle K-tomta frå søndag kveld til og med onsdag

Klikk for stort bilete Midtsiden No skal grusplassane etter Circle K-stasjonen og den gamle brannstasjonen bli retta ut, få asfalt og oppmerkte parkeringsplassar. Arbeidet startar om kvelden søndag 29. september og varar til og med onsdag 2. oktober.
Medan du ventar på dei nye parkeringsplassane, kan du parkere gratis i inntil 8 timar ved Vognhallen, Oseana, langs Byvegen (nedanfor Os barneskule), ved Kløvertun og Landboden. Du kan òg parkere i inntil 24 timar ved Os næringspark i Holtbrekka.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Odd-Helge Henriksen i Prosjektavdelinga i Os kommune på telefon 905 77 430.