Tappepunkt for vatn

tappepunkt - Klikk for stort biletetappepunkt Os kommune planlegg i løpet av vinteren 2017/18 å etablere fire punkt for større vassuttak. Her er bilde av det første tappepunket vårt. Det blei etablert den 18. oktober 2017 og ligg i Storestraumen, på Gåsakilen pumpestasjon.

Etablering av tappepunkta skal gjere det enkelt og sikkert å ta ut vatn frå lediningsnettet.

Vi tillet ikkje uttak frå brannhydrantar. Vi har sett spesiallås på alle hydrantar, slik at desse berre er tilgjengelege for brannvesenet og teknisk personell i kommunen.

Gammalt tappepunkt i Industrivegen ved SIBI vil vere operativt i ein overgangsfase.

Dei resterande tre tappepunkta er planlagt i Ådnadalen (Ulven), ved Vallebrua (Hegglandsdalen) og i Naustvågen(Halhjem).