Tidleg forhandsrøysting til stortingsvalet frå 3.juli 2017

Tidleg røysting 2017 Valgavlukke - Klikk for stort bilete Tidleg forhandsrøysting til stortingsvalet 2017 startar 3.juli 2017, i kommunetorget på Rådhuset.

Valavlukke for tidleg forhandsrøysting til stortingsvalet 2017 er på plass i kommunetorget. Det er mogeleg å røyste frå 3.juli 2017. Ordinær forhandsrøysting er frå 10.august til 8.september og skjer også på rådhuset.

 

Ved tidleg forhandsrøysting er det ikkje ordinære stemmesetlar, men ei partiliste (sjå bilete under). Du krysser av for det partiet du vil stemme på, setelen blir stempla og blir lagt i konvolutt som du legg i urna.

Ordinære stemmesetlar vil vere tilgjengeleg når ordinær forhandsrøysting opnar 10.august.

 

Du kan røyste i kommunetorget på Rådhuset.

 

Opningstider:
Mandag kl. 8.00 - 17.00

Tysdag - fredag kl. 8.00 -15.00

 

Tidleg røysting stemmesedddel - Klikk for stort bilete