Trafikksikring Nilsavegen: Alternative forslag til endring

Os kommune har fått mange meldingar om trafikktryggleiken i kulverten i
Nilsavegen. Kulverten er smal og utan fortau. Dagens situasjon utgjer ein fare for skulebarn og andre gåande som nyttar vegen.

Kommunen legg fram alternative forslag til endring for å auke trafikktryggleiken. Desse skal behandlast i Trafikksikringsutvalet.

Alternativ 1

Stenge kulverten for køyretøy og gjere han til gangveg. Dette alternativet er best for dei gåande og vil ha mest effekt for trafikktryggleiken då gåande vil kunne ferdast trygt i kulverten.
Nilsavegen alternativ 1 - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

Alternativ 2

Gjere kulverten einvegskøyrd frå Os og mot Lekvenmarka/Nilsavegen. Dette alternativet vil redusere trafikken, men ikkje auke trafikktryggleiken særleg, då dei gåande framleis deler arealet med dei køyrande. Det kan/vil føre til fartsauke då bilistar ikkje risikerer møtande trafikk. 

Nilsavegen alternativ 2 - Klikk for stort bilete
 

 

 

 

Alternativ 3

La det vere som i dag. Situasjonen vil vere uendra.

Frist for å kome med innspel er 1. juni 2018
Send innspel til postmottak@os-ho.kommune.no.
Skriv ¨Trafikksikring Nilsavegen 18/264¨ i emnefeltet.  Du kan óg sende innspel per post til Os kommune, pb. 84, 5202 Os.