Valle 62/4 m.fl- vedtak av reguleringsplan

Klikk for stort bilete

  • Kunngjering av vedteken detaljreguleringsplan for Valle grn/brn 62/4 m.fl.
  • Klagefrist: 29.03.2019
  • Arkivsak: 14/2723 

I medhald av § 12-12 i plan- og bygningslova har kommunestyret i Os i møte den 19.02.2019, sak 10/2019,  godkjent detaljreguleringsplan for Valle grn/brn 62/4 m.fl.

Føremålet med planen er å regulere for tre firemannsbustader og tre einebustader. Det er òg regulert for felles leik- og uteopphaldsareal, parkering og naturområde mot Valleelva. Planområdet er på 24,7 daa og er i kommuneplanen asett delvis til bustadføremål og delvis til område for LNF.

Planen er bindande for alle arbeid og tiltak innafor planområdet, jfr. § 12-4 i Plan- og bygningslova.

Frist for å klage på vedtaket er 29.03.2019.

Eventuell klage skal sendast til postmottak@os-ho.kommune.no

Ver venleg og vis til saksnummeret 14/2723. Dokumenta i saka finn du her.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysning må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jfr. §§ 15-2 og 15-3 i Plan- og bygningslova. Det blir elles vist til § 12-12 i Plan- og bygningslova.