Varsel om oppstart av detaljregulering for Revsåsen sør II

Skjermbilde_revsasen - Klikk for stort bileteSkjermbilde_revsasen Abo AS

 

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-8 blir det varsla oppstart av detaljregulering for Revsåsen sør II gnr. 17, bnr. 436 med fleire i Os kommune. Planområdet er på totalt ca. 42 daa.

  • Oppstart av reguleringsplan for Revsåsen Sør
  • Frist for å kome med merknad: 11.12.2017
  • Arkivsak nr.: 17/2320

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for bustader, uteopphaldsareal og tilhøyrande infrastruktur. I kommuneplanens arealdel er planområdet sett av til framtidig bustadområde, offentlege bygning og LNF- område.

I nord grenser planområdet mot reguleringsplan for Hellebakkane sør og Revsåsen sør. Mot sør og aust grenser planområdet mot plan for ny veg Åsen-Søvik.
Planarbeidet er ikkje vurdert å utløyse krav om konsekvensutgreiing jf. forskrift om konsekvensutgreiing §§6, 8 og 10

 

Tiltakshavar for planarbeidet er Lysekloster Eigedom AS.
Plankonsulent er ABO Plan & Arkitektur AS.

Spørsmål rettast til:
ABO Plan & Arkitektur AS v/ Ola Klyve Dalland:
ola@abo-ark.no
tlf: 90021198