Varsel om oppstart av reguleringsarbeid for Gåsakilen

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslar vi med dette igangsetting av detaljregulering for Gåsakilen Gåsakilen plangrense - Klikk for stort bilete gnr. 8 bnr. 584, 585 m.fl. i Os kommune.Gåsakilen planområde - Klikk for stort bilete

Planområdet ligg like ved E39 Byvegen, i eit område mellom to etablerte bustadfelt. Området ligg nært busshaldeplass, om lag 1 kilometer frå Søfteland skule og 1,4 kilometer frå næraste daglegvarehandel.

Planområdet er avsett til bustadføremål i gjeldande kommuneplan. Det ligg føre ein områdeplan for området i dag. Planområdet er på 22,7 daa.

Planlagt tiltak gir ikkje krav om konsekvensutgreiing.

Reguleringsplanen sitt føremål

Føremålet med reguleringsplanen er å detaljregulere føresegnområde #1 i Gåsakilen områdeplan (plan-ID 20110200). Planavgrensinga er i hovudsak sett i tråd med føresegnområde #1 i områdeplanen. I tillegg har ein sett av areal mot E39 Byvegen for å ivareta omsyn til støy. Det blir lagt til rette for eit grendahus og om lag 89 bustadeiningar med tilhøyrande parkering og infrastruktur. Bustadane vil vere fleirmannsbustader og mindre leilegheitsbygg.

Sjå www.ardarealplan.no for meir informasjon.

Har du innspel eller merknader?

Send dei skriftleg til e-post: post@ardarealplan.no
eller

Ard arealplan
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

Du treng ikkje sende kopi av merknader til Os kommune. Alle mottekne dokument, merknader og liknande følgjer planforslaget og blir sendt samla til Os kommune for behandling.

Frist for å sende merknader: 2. april 2018

Kva skjer vidare?

Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan bli utarbeidd. Forslaget vil deretter bli sendt til Os kommune for saksbehandling. Etter førstegongsbehandling blir planen lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då bli mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk behandling.