Borgarleg vigsel

Kommunen har ansvar for borgarleg vigsel i Os.

Kven kan vie?

Frå 1. januar 2018 har ordførar, varaordførar, rådmann, kommunalsjefar og fleire folkevalde i Os kommune mynde til å vie brurepar. Her er ei oversikt over alle som har mynde til å vigsle.

Ta kontakt med oss for å få vite kor og når det er mogleg å gifte seg.

Vilkår for vigsel

Det er visse vilkår i ekteskapslova som må vere oppfylte for at ein skal kunne gifte seg.

Ekteskapslova

Forskrift om registrering og melding av vigsel

Forskrift om kommunale vigsler

Dette må de sende inn før vigselen

Før de gifter dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det vil seie at de må sende inn ein del papir. Behandlingstida er to-tre veker, så ver ute i god tid før bryllaupet:

  • Eigenerklæring
  • Forlovarerklæring
  • Erklæring om skifte dersom du har vore gift før
  • Melding om endring av namn dersom du skal bytte namn

Alle desse skjema får du hos Skatteetaten.

Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.

Etter at de har fått prøvingsattesten heim i posten, kan de ta kontakt med oss for å bestille vigsel. Attesten må ikkje vere eldre enn fire månader ved vigsel. 

  • De må ha to vitne, og dei må vere til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane.
  • Brurepar og vitne/forlovarar må ha gyldig legitimasjon til vigselen. Vi godtar gyldig pass, norske førarkort og bankkort med bilete og personnummer. 

Spesielt for utanlandske statsborgar: Alle utanlandske statsborgarar må dokumentere lovleg opphald i Norge på vigselstidspunktet, og sende oss/levere prøvingsattest seinast ein dag før vigselen. Dette gjeld ikkje for nordiske borgarar. Vi kan utføre vigselen på engelsk, dersom dette er avtalt på førehand. 

Slik er seremonien

Vi tilbyr eit høveleg lokale i Os rådhus. Dersom de ønskjer å ha fleire enn 10-15 gjester til stades ved sjølve vigselen, anbefaler vi dykk å bestille eit anna lokale.

Møt opp i god tid før avtalt tid for vigsel. Vi har sett av om lag 15 minutt til kvart par. 
Vigslaren les "Det borgarlege vigslingsformularet". Deretter spør vigslaren dykk om de vil ha kvarandre til ektefeller. Til slutt underteiknar de, vitna og vigslaren vigselsprotokollen.

Kommunen sender deretter ei vigselmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet, med kopi til dykk. Denne er fungerer som vigselattest fram til de får den endelege frå Folkeregisteret. 

Kunstnarlege innslag


Dersom de ønskjer kunstnarlege innslag under seremonien, til dømes musikk eller diktlesing, må de gi beskjed om dette på førehand. Os kommune vil vurdere om innslaget kan inkluderast. 

Pris 

Tilbodet er gratis dersom du både bur og vil gifte deg i Os kommune. Dette gjeld sjølv om du for tida er busett i utlandet.

Ønskjer du å leggje seremonien til eit tidspunkt eller ein stad som krev meir tid av den kommunale vigslaren, må du rekne med å dekke tilleggskostnader sjølv.

Dersom du ikkje bur i Os, og den som vigslar deg ikkje er frå Os kommune, kan det medføre kostnadar. Dette får du vite når du tar kontakt med oss.

Slik tar du kontakt

Send ein e-post til oss kor du oppgir:

  • Fullt namn, fødselsdato og adresse til brureparet
  • Kva for ein dato de ønskjer å gifte dykk
  • Kven de ønskjer skal vie dykk. Sjå liste over personar med vigselsmynde
  • Om de ønskjer å halde seremonien på Os rådhus eller i eige lokale

Kontakt

Informasjon om borgarleg vigsel
$(TITTEL)