Bubil- og caravanparkering i Os

Sonekart for Os gjestehamn 1 - Klikk for stort bilete Bubil- og caravanparkeringa har åtte plassar og ligg vakkert til på Haugsneset, med utsikt over Os hamn. Klikk på biletet for større sonekart over Os gjestehamn.

Plassen er open heile året.

 

 

Slik ser du om det er ledig plass

Sjå webkamera retta mot bubilparkeringa. Du ser bubilparkeringa heilt til høgre i biletet.

Slik betaler du

Du betaler for overnatting i tidsrommet 00.00 - 08.00. Pris kr 150,- per døgn.
Last ned appen GoMarina frå App Store eller Google Play. Du finn "Os gjestehamn - bubil/caravan" som eit eige område i appen.

Her finn du tømmestasjon

Sjå sone 1 i kartet, rett ved Esso-stasjonen.