Dei fyrste osingane

Slik kan livet ha arta seg i Vargavågen for 5-6000 år sidan. Måleri: Bernt Kristiansen - Klikk for stort bileteSlik kan livet ha arta seg i Vargavågen for 5-6000 år sidan. Måleri: Bernt Kristiansen

Dei fyrste osingane veit me lite om. Då issmeltinga tok til etter siste istida, for vel 10 000 år sidan, var litt av Os, og nokre små område av ytredelen av Hordaland isfrie. Me kan rekna med at dei ytre delane av Osbygda var mellom dei fyrste som vart folkesette, men synlege spor så langt attende har me ikkje.

Naturleg nok konsentrerer dei eldste fornminna seg om desse delane av bygda. Her er gjort funn som daterer seg til den eldste jordbrukskulturen i Noreg, mellom 4000 og 3000 år f. Kr. Her er det gravrøysar frå kring 1000 f. Kr., og kanskje det mest interessante, eit felt med helleristingar. Helleristingane finst i eit område med kleberstein, inst i ein våg som alltid har vore framifrå hamn og ein god fiskevåg, Vargavågen. Mykje ligg til rette for at dette området kan ha hyst nokre av dei fyrste osingane.

Lengre ute i vågen ligg Vargahola, ei hole som er teken ut i eit klebersteinslag i fjellet. Hola ligg like i flomålet og har nok dei siste hundreåra vore brukt til å dra opp båtar i. Vargahola kan stamma frå den tida Lyse kloster vart bygd - mykje av byggjevyrket i klosteret var kleberstein - men ho kan òg vera eldre, kanskje frå vikingtid.

Publisert av Sigrun Bukkholm. Sist endra 25.10.2016 08:44