"En særdeles hyppig kommunikation"

Osbanen (Os kommune) - Klikk for stort bileteOsbanen (Os kommune)

Då dei tok til å planleggja Vossebanen på 1870-talet, var eit trasealternativ å gå om Os og Hatvik, med jernbaneferje til Fusa og vidare mot Hardanger og Voss. Då det vart bestemt at Vossebanen skulle gå ein annan veg, var det somme mektige menn i Os og Fana som ikkje heilt hadde lyst til å sleppa tanken om jernbane til Os. Pengesterke folk som F. G. Gade og Johan A. Mowinchel stødde tiltaket, og i 1894 tøffa det fyrste lilleputtoget mellom Os og Nesttun. Os hadde fått ein "særdeles hyppig kommunikation" med Bergen. 

Framsteget var stort. Reisetida til Bergen vart knappa frå fire timar med dampen til to timar med toget, og dette sambandet fekk nok mykje å seia for utviklinga i Os og Fana. Men det var og vart ein lilleputtbane på alle måtar. Smalaste sporvidda i landet, 75 cm, berre Aurskog - Høland-banen var like smalspora. Minste lokomotiva, minste farten og minste folkegrunnlaget nokon bane i landet hadde.  I 1935 gjekk siste turen. Jernbaneselskapet kjøpte bussruta som heldt på å konkurrera dei ut, bygde opp bussdrifta og ned jernbanedrifta til bussane kunne ta heilt over.

Dermed berga jernbaneselskapet seg og levde vidare som busselskap, Bilruta Os - Bergen. I 1965 fusjonerte selskapet med Fana- og Mildebilane til Fana - Os - Milde, vidare med Åsane Billag og Bergens Sporveier på 1990-talet. Selskapet heiter no Gaia trafikk. Dei eldste greinene for busselskapet er såleis eit jernbaneselskap i Os og eit trikkeselskap i Bergen.  Tre av bygningane på Os stasjon står framleis, og vert tekne vare på.

Publisert av Sigrun Bukkholm. Sist endra 25.10.2016 08:58