Fiskarbonden

 

For heile kysten var yrkeskombinasjonen jordbrukar og fiskar vanleg. Bruka var små og gav knapt nok utkome til å leva av, medan sjøen låg der som eit matkammer. I Os dreiv vel gjerne dei fleste med jorda som hovudnæring, og fiska attåt. Somme stader, særleg i Øyane, var det vel helst omvendt.

Denne kombinasjonen var vanleg til langt inn på 1900-talet. Endå til i innlandsbygda Hegglandsdalen hadde kvar gard naustrett og båt. Dei siste generasjonane har nok dei fleste berre drive heimefiske til husbruk. Tidlegare rusta dei seg ut og fôr på sei- og sildefisket med utgangspunkt i Glesvær eller andre stader i Austevoll og Sund. Fiskebåtane var færingar eller seksæringar, gjerne to mann og to garn i kvar båt på silda.

Det hende det gjekk gale. 11. mars 1822, heilt på slutten av vårsildfisket, bles det brått opp med nordvest storm og snøtjukke. Ein del båtar hadde alt reist heim, men mange var att, og dei hadde gått ut om morgonen. Dei fleste av dei var "inne frå fjordane", som dei sa ute på kysten, og meinte Os og Fusa. 47 mann frå det som den gongen var Os prestegjeld, Os, Fusa og Samnanger, omkom den dagen. Same dagen forliste nær 30 jekter og andre større farty på strekninga mellom Bømlo og Bergen. Galnemåndagen vart denne dagen heitande i Os. Den store merkjedagen sa dei ute på kysten.

Publisert av Sigrun Bukkholm. Sist endra 26.10.2016 10:58