Lysekloster kapell

Lysekloster kapell (Øyvind Gjerde / Os kommune) - Klikk for stort bilete Midtgang og benkar i Lysekloster kapell (Øyvind Gjerde / Os kommune) - Klikk for stort bilete

Kapellet er i privat eige og høyrer til Lysekloster gard.
Eventuell avtale om vitjing må gjerast med eigaren av Lysekloster gard.
2 gongar i året får kyrkjelyden i Os nytta kapellet til gudstenester der alle kan koma: 2.pinsedag og ein sundag i august.

Kapellet er ei av dei eldste trekyrkjene vi har i landet frå etter reformasjonen.
Det vart bygd i 1663 av stiftsskrivar Nielss Hanssøn Schmidt som då åtte klostergodset..
Sidan har det følgd garden. Eit sidebygg vert reist då garden kom i familien Formann sitt eige. I dette bygget er fleire sarkofagar med avlidne frå Formann-ætta plasserte.
Kyrkjerommet er så godt som urørt gjennom 300 år.
Altertavla, datert til kring 1670, skal etter tradisjonen vera redda ut frå St. Jørgen kyrkje i Bergen som brann i 1702, ved bybrann i Bergen.

Publisert av Sigrun Bukkholm. Sist endra 26.11.2015 11:43