Nore Neset kyrkje

Nore Neset kyrkje vart innvia i 2000, men hadde vore planlagt sidan 1977.
Kyrkjebygget vart teikna av arkitektane Mette og Morten Molden. Alter, preikestol, døypefont og knefall vart teikna av interiørarkitekt Aud Hunskår, og altertavla vart laga av kunstnaren Gunnar Torvund.

Kyrkja er ei moderne kyrke, og bryt difor med tradisjonane frå romansk, gotisk og nygotisk stil. Element som klokketårn, våpenhus, søyler, skip og kor finst, men i nye variantar. På biletet ser vi at klokketårnet er skilt frå sjølve kyrkjebygninga.

Dei liturgiske møblane

Døypefont, alter og preikestol, er laga i same stil. Ønskjet var å utforma dei i same materiale som kyrkjebygget, tre og stein, men stål vart valt i staden for stein. Tre-elementa vart plasserte øvst, for å skapa ei mjuk overflate mot menneska. Det vart nytta glas for å skapa ein overgang mellom stål og tre

Nore Neset kyrkje | Fotograf: Øyvind Gjerde Alterring i Nore Neset kyrkje | Fotograf: Øyvind Gjerde Altertavla i Nore Neset kyrkje | Fotograf: Øyvind Gjerde Døypefonten i Nore Neset kyrkje | Fotograf: Øyvind Gjerde
Inngangen til Nore Neset kyrkje | Fotograf: Øyvind Gjerde Del av kyrkjeskipet i Nore Neset kyrkje | Fotograf: Øyvind Gjerde Del av kyrkjeskipet i Nore Neset kyrkje | Fotograf: Øyvind Gjerde Del av kyrkjeskipet i Nore Neset kyrkje | Fotograf: Øyvind Gjerde
Orgelet i Nore Neset kyrkje | Fotograf: Øyvind Gjerde Preikestolen i Nore Neset kyrkje | Fotograf: Øyvind Gjerde Nore Neset kyrkje: Stolpen i krossen, retning klokketårnet | Fotograf: Øyvind Gjerde Nore Nest kyrkje: Stolpen i krossen retning porten til kyrkjegarden | Fotograf: Øyvind Gjerde

Orgelet

Orgelet vart montert i 2002. Det vart laga av det norske firmaet Ryde og Berg (som og har laga det store orgelet i Oslo Domkirke, eit av dei viktigaste orgla i landet) i bjørk heiltre. Det inneheld 13 stemmer og 7-800 piper. Det er teikna av arkitekt Ulf Oldæus

Arkitektoniske element:

Takbogen i kyrkjeskipet er repetert i bogane i avslutningane øvst. Materialet bjørk finst og i stolar og anna interiør. Einskilde detaljar er i samsvar med anna interiør (t.d. skapvegg i våpenhus). Orgelet har klassisk heilmekanisk speleinnretning. Dei einaste elektriske elementa er viftemotoren og notelyset. Rørslene vert overførte frå tangent til pipeventilar med tynne trelister. Klangen er mild og syngjande (samanlikna med mange andre orgel) m.a. med tanke på at kyrkja skal nyttast mykje som gravkapell.

Døypefont og preikestol

Døypefonten er plassert i midtgangen framfor alteret. Dåpen representerer inngangen til Guds ride; til det heilage. Bak døypefonten står alterringen / knefallet og alteret.

Preikestolen er utforma i same stil som alter og døypefont.

Alterring og altertavle

Bibelen uttrykkjer klårt at Gud er overalt. Men heilt frå tidleg bibelsk tid har alteret representert plassen der menneska kunne møta Gud. Ved alteret kunne presten påkalla Gud.

I kyrkja i dag er alteret staden for bøn og tilbeding. Presten vender seg mot alteret når han bed. Alteret er og utgangspunkt for nattverdutdeling. Ofring av pengar kan skje på alteret. Alteret vert rekna som ein heilag stad. Difor er det beskytta bak alterringen. I følgje tradisjonen, som mest sannsynleg stammar frå tempelet og tabernaklet i Det Gamle Testamentet, er det berre liturg og andre i teneste ved kyrkjelege handlingar som kan gå bak alterringen / knefallet.

Altertavla

Historisk sett har altertavla stort sett bestått av ein illustrasjon av ei hending frå Bibelen eller eit bilete som symboliserer den kristne bodskapen. Ofte inkluderer tavla ein kross eller eit krusifiks, anten som ein del av motivet, eller som ein separat skulptur.

Altertavla i Nore Neset kyrkje er sett saman av ulike kristne symbol, på ein bakgrunn av symbolske fargar.

Sentralt i tavla er Kristus, antyda krossfest. Skikkelsen er raud - det kan verta assosiert med blod. Bakgrunnen er gullfarge, som kan tolkast som lys og siger.

Nedst, på svart bakgrunn, er ein hovudskalle og ein slange. Dette er symbol på dauden og djevelen. I tillegg til å vera nedst, er dei skilde frå dei andre symbola. Symbolikken uttrykkjer at dauden og djevelen er overvunne. Plasseringa av hovudskallen opp-ned syner til plasseringa av den daude i grava.

Øvst er dua, symbolet på Den Heilage Ande; livgjevaren. Plasseringa øvst kan symbolisera at Anden og livet kjem frå himmelen.

Brødet og kalken (begeret) kan symbolisera nattverd og "livsens brød"

Sola og månen kan symbolisera skaparverket, som er skapt av Gud og til Gud.

Båten og fisken kan symbolisera tenesta. Båten kan og symbolisera reisa gjennom livet, noko vi finn igjen i ordet "kyrkjeskipet". Ei enkel teikning av ein fisk var og eit hemmeleg symbol for dei første kristne. Bokstavane i det greske ordet for "fisk" var forbokstavane i "Kristus verda sin frelsar".

Alfa og Omega er den første og den siste bokstaven i det greske alfabetet. Dei symboliserer byrjinga og enden. Bodskapen er at Gud femnar om verda frå æva til æva.

Rommet / kyrkjeskipet

Over midtgangen er to store taksperrer, som vert støtta av to søyler ved alteret. Utforminga av taksperrene kan føra tankane mot eit skip / ein skipskjøl, men og mot himmelkvelvinga. Langs innsida av taksperrene kan ein sjå lysstriper som peikar mot alteret og altertavla. Legg og merke til korvindauget bak altertavla. Delar av vindauget er i matt glas, og kan prepresentera mørkret. Dei blanke felta kan symbolisera lys. Nedst startar vindauget med berre mørkre, som gradvis går over i lys i den øvste delen av vindauget. Dette vert ein parallell til tematikken i altertavla.

Vi finn att mønsteret i vindauga mellom kyrkjerom og våpenhus.

Aksen gjennom kyrkja

Dei store vindaugo over inngangen og i koret dannar saman med midtgangen ein akse frå kyrkjegarden gjennom heile kyrkja. Hovudpunkta i aksen er kyrkjegarden, inngangen, døypefonten, alteret, altertavla og korvindauget.

Ei mogeleg tolking av arkitekturen i kyrkjebygget er reisa gjennom livet frå fortid (kyrkjegarden/plassen) via dåp (døypefont) til notid (alter/altertavle) og framtid (korvindauget)

Krossen på kyrkjegarden

Klokketårnet dannar foten av ein kross som strekkjer seg over mesteparten av kyrkjegarden, og vert danna av stigar og trapper. Frå klokketårnet ser ein porten til kyrkjegarden. Trappa, brua og stigen går over i eit breitt, ope belte fram til fire furer. Dette dannar stolpen i krossen. Tverrbjelken i krossen vert danna av stigen som går nord-sør på kyrkjegarden.

Publisert av Sigrun Bukkholm. Sist endra 25.10.2016 08:46