Os kyrkje

Os kyrkje (Os kommune) - Klikk for stort bileteOs kyrkje (Os kommune)

 

Os kyrkje og prestegarden like ved var i mange hundre år dei einaste husa på Osøyro!
Kyrkja var plassert nær sjøen - sjøen var "hovudvegen" fram til rundt 1900 - og dei fleste som kom til kyrkje, kom med båt.
Der Os kyrkje no står, har det vore minst to kyrkjer før! Ei eldste kyrkje vart kan hende bygd allereie i 1050. Ho er nemd fleire gongar i skriv frå 1300-talet.

Kring 1600 vart det bygd ei ny tømmerkyrkje som stod fram til den noverande kyrkja var reist i 1870, like ved. Då vart gamlekyrkja riven.
Den nye kyrkja er typisk for tida ho vart bygd i. Berre i Hordaland finn vi om lag 35 kvite trekyrkjer med om lag sama forma.

Kyrkja vi har i Os no er altså over 130 år gamal.
Det meste i kyrkja er frå tida kyrkja vart bygd og seinare, men vi finn nokre unnatak:

Altertavla

Ei gamal altertavle heng framme til venstre over døra ut frå sideskipet. Det er ei altertavle som er frå slutten av 1400-talet, mest sannsynleg måla av ein nordtysk målar, og tavla har vore med i alle tre kyrkjene.
Ramma på tavla er av yngre dato, frå 1719.

Kyrkjeklokkene

Den minste av kyrkjeklokkene har og vore med i alle 3 kyrkjene.

Preikestolen

Den gamle kyrkja fekk ny preikestol, enkel, men fint utskoren i 1684.
Denne preikestolen vart fjerna då den nye kyrkja vart sett opp i 1870, men ljodhimmelen over preikestolen finn vi i kyrkja i dag. Den gamle preikestolen finn vi no i gamlestova på prestegardstunet - den har og vore nytta til kateter i skulen!

Messehakel

I kyrkja finn vi og ein gamal, fin messehakel som no er over 300 år gamal.


Os kyrkje har vore pussa opp fleire gongar, den siste store opp-pussinga vart gjort til 100-årsjubileet i 1970.

 

Publisert av Sigrun Bukkholm. Sist endra 26.11.2015 13:01