Kloster og gods

Slik har Bernt Kristiansen tenkt seg at Lysekloster kunne ha sett ut i glanstida si - Klikk for stort bileteSlik har Bernt Kristiansen tenkt seg at Lysekloster kunne ha sett ut i glanstida si

I cisterciensarordenen si ånd skulle munkane arbeida hardt og leva i fattigdom. Dette hindra likevel ikkje at klosteret snøgt vart både rikt og mektig, og på ymse vis la under seg dei fleste gardane i Os. 

Etter kvart kom også svært mange andre gardar til, spreidde frå Ryfylke til Nordfjord. Berre i Hardanger åtte klosteret 50 gardar, like mange som i Os. Når også andre store jordeigarar skulle ha sitt, vart det ikkje att mange sjølveigande bønder i Bygda. Gjennom mange hundre år var Os ei mest rein leiglendingsbygd.

Etter reformasjonen i 1537 kom klosteret i danskekongen si eige, til han måtte selja for å få pengar til alle krigane han førte mot Sverige.

For osingane gjorde det ikkje store skilnaden om det var klosteret, kongen eller danske adelsmenn som åtte jorda dei dreiv. Litt ulikt var det nok korleis dei ymse jordherrane tedde seg, men til vanleg kunne dei rekna med at når dei gjorde rett og skjel for seg så ville eldstesonen få overta bruksretten, som om det var ein odelsgard.

Godset la stendig under seg nye gardar, ikkje minst etter at Forman-ætta overtok som eigarar kring 1820. Fyrst etter 1870 tok godset til å selja ut gardane. Dei brukarane som då hadde pengar til kjøpa for, fekk kjøpa bruka sine.  

Med skiftande eigarar i eit par hundre år etter reformasjonen byrja rivinga. Den danske adelsmannen Erik Rosenkrantz var ein av eigarane. Han ville laga seg eit minnesmerke, og bygde Rosenkrantztårnet i Bergen, delvis av stein frå Lyse kloster. Tårnet står framleis, og er ein av dei kjende turistattraksjonane i Bergen. Stein frå klosteret finst òg att i Kronborg slott i Danmark, og det vart ført skipslaster med stein til Tyskland.

Teikninga viser korleis Bernt Kristiansen tenkjer seg at klosteret kan ha sett ut i glanstida si.

Publisert av Sigrun Bukkholm. Sist endra 25.10.2016 08:52