Osøyro

Osøyro kring 1890 (Os kommune) - Klikk for stort bileteOsøyro kring 1890 (Os kommune) Osøyro 1949 (Os kommune) - Klikk for stort bileteOsøyro 1949 (Os kommune)

Strandstaden

Den vesle strandstaden midt i bygda hadde for hundre år sidan ei kyrkje, tre hotell, ein butikk og nokre naust langs elva og i fjæra. Og så jernbanen, endestasjonen på Osbanen, og det var viktig. Nokre tiår tidlegare hadde vore ekserserplass her, men han var flytta til Ulven. Kommunehuset låg her òg, flytta frå Molda i 1884, og gjorde at Osøyro var det administrative senteret i bygda.

Bygdeby

Osøyro som senter i Os har aldri vore diskutert, og etter som kravet til sentrumsfunksjonar berre voks, vart Osøyro større og fekk meir å seia for heile bygda. Handelen auka på, trevareindustrien, seinare også konserves og annan industri la seg til kring elveosen. Lukta frå sildafabrikken og bakeriet på Foreningen blanda seg med lyden av sirkelsaga til Peder Hægland og med støvet frå lokomotivet på Osbanen som lasta kol. Husa voks opp etter eit litt tilfeldig mønster, og med tid og stunder vart det ein liten bygdeby av det.  

Sentrumskvartalet

Etter kvart vart det meir system og rette liner i utviklinga. Som alle stader har mykje av det gamle måtta vika for det nye. Ei gruppe med hus i tilfeldig blanding, men med mykje sjarm, heldt lenge stand midt i sentrum, men måtte til slutt vika plassen for Sentrumskvartalet, som i dag hyser kommuneadministrasjonen. Endå nokre hus frå sveitserstilperioden held stand langs med Baronselva og mot Oselva. Og så Det gamle kommunehuset. I 1986 vart det flytta for andre gong, denne gongen til heiderplassen på Kyrkjeflaten.  

Estetisk periode

Siste tiåret har vore den estetiske perioden på Osøyro. Gjestebryggja har forvandla elvesida frå brua til kaien frå å vera bakgarden ingen ville sjå til å verta det fellesarealet osingane nyter i godver. Skulptur i rundkøyringa som det seg hør og bør i skulpturbygda, park på Kyrkjeflaten og planter og skulpturar både her og der. Oselvarverkstad og -bryggje og -hop og -naust på andre sida av elva, og Os stasjon som snart står fram som i Osbanen sine beste år.

Publisert av Sigrun Bukkholm. Sist endra 25.10.2016 08:41