Ous herred

 

Då formannskapslovene kom i 1837 vart kommunane skipa som nye administrasjonseiningar.

Kommunegrensene fylgde frå fyrst av prestegjeldsgrensene og fekk namn etter prestegjeldet. Os kommune (Ous herred) femnde den gongen også om det som i dag er Fusa og Samnanger kommunar. Fyrste formannskapsmøtet var i tingstova i Holsund i Fusa, ein stad dei fleste osingar knapt veit om i dag. Tingstova står i dag på Hordamuseet på Stend.

Fusa vart eigen kommune alt i 1855. Samnanger var ein del av Os kommune fram til 1907. Bogstrand høyrde lenge til Fusa, men vart ein del av Os i 1965.

Publisert av Sigrun Bukkholm. Sist endra 26.10.2016 11:00