Roser frå Os

Rosemålarverkstaden til Annanias Tveit 1907 - Klikk for stort bileteRosemålarverkstaden til Annanias Tveit 1907

Då Nils Tveiterås frå Samnanger fann seg kone frå Os og flytta hit i 1824, vart det byrjinga på ein tradisjon som framleis er med og gjer Osbygda kjend.

Nils, som tok namnet Midthus, var rosemålar, og utvikla dei fyrste tiåra i Os sin eigen stil, som er vidareutvikla av meistrar i faget seinare, og som har fått namnet Os-målinga. Ola Midtbø og Annanias Tveit gjekk i lære hos Nils Midthus. Dei utvikla målinga hans vidare, og lærde opp ein ny generasjon rosemålarar som vart svært så talrik. Osmålinga nådde høgdepunktet sitt litt før og dei fyrste tiåra ette førre hundreårsskiftet, i alle høve i omfang. Fram mot andre verdskrigen minka det mykje på rosemålinga i Os, men nokre få, men dugande rosemålarar heldt tradisjonen i hevd.

Som den einaste staden i landet har Os ein tradisjon i rosemåling som har vore ubroten i nær 180 år. I dag er det kvinner som ber tradisjonen vidare, og dei går dei mannlege føregangarane sine ein høg gong.

Publisert av Sigrun Bukkholm. Sist endra 26.10.2016 10:57