Os-songen

Det ligg ei bygd millom fjordar og fjell
den venaste nokon kan sjå.
Den fagre bygdi me kjenner so vel,
og henne held me ut`å.
Me kjenner kvar gard og me kjenner kvar grend
og folket som bur der i dal og på strend.
For oss ligg den bygdi i strålande ljos,
 for de er vår heimbygd - Os.
Vår heimbygd, du stend som den venaste brud,
med høgtidsbunaden på.
Gjev lukke i livet, du Allheims, Gud,
 so framgang me stødt må sjå.
Gjev signing og sæle til bygdi vår,
so fagrar` ho blømer år etter år.
Lys fred over folket, og før du deim
på veg til din himmelheim.