Pop up-ungdomsparken og vegen vidare

Kva skaper liv og aktivitet i sentrum? Kva er ein attraktiv møteplass for ungdom?

Ungdom på banen for byutvikling

- Mange vaksne og eldre stiller i opne møte om byplanlegging og sosialt entreprenørskap. Dei eldre tenker tradisjonar og identitet, og kan ha viktige innspel. Ungdommen har større evne til å sjå framover og har mykje å bidra med for planlegging av framtida, seier plansjef i Os kommune, Tina K. M Sinclair.

Pop up-parken har poppa opp på parkeringsplassane ved Os gjestehamn i løpet av nokre få dagar - ved hjelp av mange gode krefter i kommunen. Landskapsarkitekt Eva Korsøen frå Kvalbein Korsøen Arkitektur AS er leigd inn som prosjektleiar for ungdomsprosjektet. Saman med plansjef Tina, leiar av eigedomsavdelinga i Os kommune, Dag Søfteland, dei tilsette i planavdelinga og flinke folk frå Vartun oppfølgingsteneste som har snekra benkar og blomsterkasser, har ho stått på dag og natt for å få parken ferdig til opning fredag 29. juni. Den unge kunstnaren Annika Svendal står for utsmykkinga av "golvet" i parken.
 

Fortsetjing følger til hausten

Målet med parken er å engasjere ungdommen i bygdeutviklingsarbeidet. 

- Her ønskjer vi å få ungdommen i tale, skaffe meir kunnskap om korleis ungdom i Os bruker sentrumsområdet og kva som kan gjere det meir attraktivt for dei som brukargruppe. Vi håpar både ungdom og andre vil bruke parken som ein møtestad og som inspirasjon til korleis vi kan gjere Osøyro til eit innbydande sentrum for Bjørnafjorden kommune, seier plansjef i Os kommune Tina K. M Sinclair.  

I løpet av hausten og vinteren blir ungdom på vidaregåande skuler i Os og Fusa invitert til å bli med i ei arbeidsgruppe for å formgje og bygge den endelege parken i hamna fram mot sommaren 2019.

Har du, eller kjenner du nokon som har, lyst til å vere med å forme og fylle dette prosjektet med innhald? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Ta kontakt med prosjektleiar Eva Korsøen på eva@kvalbeinarkitektur.no eller tlf. 99 70 89 71.