Slik vil framtidas Osøyro sjå ut

Nye Osøyro gateperspektiv - Klikk for stort bilete

Fram mot 2020 vil Os sentrum - Osøyro - gå gjennom ei kraftig oppussing for å bli ein endå betre og hyggelegare stad å møtast, bu og handla for både små og store.

Prosjektet har fått namnet Liv på Øyro, og består av fleire delar:

  • Bydraget. Nytt dekke, baldakinar, torgbygg, gatelys og tre langs gateløpet  frå den gamle brannstasjonen til Oselvo ved GH Interiør.
  • Nytt parkeringsbygg slik at vi kan frigjera dagens parkeringsplass ved rådhuset til parkområde.
  • Landboden: Oppgradering, nytt kulturbygg og bustader.
  • Os hamn: Bølgjedemparar skal gje lun hamn for fritidsbåtar og sommaraktivitetar i hamnebassenget.
  • Elvepromenade langs Oselvo.
  • Nye bustader og fortetting med 100 - 250 bustader i og nær sentrum.
  • Eit grønare sentrum og aktivitetar på Kyrkjeflaten.