Tal og fakta om Os kommune

  • Os kommune vart oppretta i 1838 og er Hordaland sin fjerde største kommune med 19 742 innbyggjarar (4. kvartal 2015).
  • Kommunesenteret er Osøyro.
  • Over halvparten av innbyggjarane bur i Osøyro, elles ligg dei største busetnadane på Søfteland, Søre Neset, Nore Neset, Søre Øyane og i Lysefjorden.
  • Os grensar til Bergen og Samnanger i nord. I aust, over Fusafjorden, ligg Fusa kommune. Sør for Bjørnefjorden ligg Tysnes kommune.
  • Svinningen (842 m.o.h.) er både høgaste fjelltopp og nordlegaste punkt i kommunen.
  • Kommunevåpenet er ein oselvar i gull med ei stor rose og ni små roser over, som symboliserer båtbygging og rosemåling - tradisjonsrike handverk i Os.
  • Stor folkeauke. Frå 2004 til 2014 auka befolkninga med 4067 personar. Dette tilsvarer ein auke på 21,7 prosent. 
  • I 2013 pendla 5044 personar/40 prosent av innbyggjarane over 18 år ut av kommunen.
  • I tillegg til kommunal sektor (helse, undervisning), har Os kommune flest arbeidsplassar innan varehandel, bygg og anlegg og industri.
  • Det er 1478 registrerte verksemder i kommunen.