PopupOs: Ungdom som tettstadutviklarar

Klikk for stort bileteMålet er å involvere ungdom i utviklinga av kommunen vår. PopupOs er middelet.

Vi vil invitere ungdom inn i utviklinga og planlegginga av sentrumsområda i kommunen vår. Vi veit at barn og unge brukar sentrum aktivt på veg til og frå skule og fritidsaktivitetar, og ønskjer å legge til rette for gode møteplassar og arenaer for uorganisert aktivitet.
Kva skaper liv og aktivitet i sentrum? Kva er ein attraktiv møteplass for ungdom?
"Ungdoms-prosjektet" har fått namnet PopupOs.

Kvifor PopupOs?

  • Vi vil ha meir kunnskap om korleis ungdom brukar Os sentrum, og korleis sentrum kan bli meir attraktivt for ungdom.
  • Vi vil skape ein møteplass for ungdom og andre i sentrum.
  • Vi vil teste ut korleis den aktuelle tomta i Os gjestehamn fungerer som park. I dag er denne tomta parkeringsplass. Vi vil òg bidra til diskusjon kring parkeringspolitikken i sentrum.
  • Vi ønskjer å teste ut korleis det offentlege rommet kan vere ein arena for fysisk aktivitet.

Fase 2, 2019-2020: Ny installasjon i Os gjestehamn
Korleis skal vi gjere det?

  • Spørjeundersøking blant ungdom
    • Os vidaregåande skule, Fusa vidaregåande skule, Os gymnas, Kongshaug musikkgymnas, 10. trinn ved Fusa ungdomsskule, Nore Neset ungdomsskule og Os ungdomsskule, inkludert elevar i velkomstklassen, er inviterte til å delta. Undersøkinga blir gjennomført i veke 11 og 12 ved hjelp av det digitale kartverktøyet Maptionnaire
  • Workshop med om lag 20 ungdomar som ønskjer å bidra med idear til innhald og utforming i samarbeid med arkitekt frå Knitknot architecture. Ungdom frå Os og Fusa er hovudmålgruppa, men workshopen er open for andre ungdomar frå andre skular og kommunar òg.
     
  • Formgiving og bygging av ein ny installasjon i Os gjestehamn.
    • Målet er at elevar frå bygg- og anleggsteknikklinja ved Os vidaregåande skule og elevar frå kunst, design  og arkitektur ved Fusa vidaregåande skule bygger installasjonen i samarbeid med Teknisk drift i Os kommune.

Prosjektrapporten for popupOs vil bli publisert her når prosjektet er ferdig

Fase 1, 2018: Popup-park i Os gjestehamn 

Sommaren 2018 poppa ein popup-park opp på parkeringsplassane ved Os gjestehamn i løpet av nokre få dagar - ved hjelp av mange gode krefter i kommunen.
Landskapsarkitekt Eva Korsøen frå Kvalbein Korsøen Arkitektur AS er leigd inn som prosjektleiar for ungdomsprosjektet. Saman med plansjef Tina, leiar av eigedomsavdelinga i Os kommune, Dag Søfteland, dei tilsette i planavdelinga og flinke folk frå Vartun oppfølgingsteneste som snekra benkar og blomsterkasser, stod ho på dag og natt for å få parken ferdig til opning fredag 29. juni 2018. Den unge kunstnaren Annika Svendal stod for utsmykkinga av "golvet" i parken.