Krav til VA-rammeplan i Os kommune: Vatn, avløp og overvasshandtering

VA-rammeplan skal inngå i alle reguleringsplanar og leggast til grunn for vidare detaljprosjektering.

Rammeplanen skal:

  • Gi prinsippløysingar for området
  • Vise samanheng med overordna hovudsystem
  • Dimensjonere og vise overvasshandtering og flaumvegar

Ein VA-rammeplan er ei beskriving av eksisterande og planlagt vass- og avløpsløysing, med ei tilhøyrande planteikning.

Nedbør skal fortrinnsvis finne avløp gjennom infiltrasjon i grunnen og i opne vassvegar. Reguleringsplanar skal identifisere og sikre areal for overvasshandtering, og beskrive korleis løysingane kan gi nye bruksmessige og visuelle kvalitetar til det offentlege rom.

Dette skal dokumenterast i VA-rammeplanen:

  • Eksisterande og planlagte VA-system, inkl. tilknytingspunkt til eksisterande anlegg. For større planområde med fleire delfelt skal planen også vise tilknytingspunkt til planlagt nytt hovudleidningsanlegg, samt planlagt overvasshandtering for det enkelte delfeltet.
     
  • Nedbørfeltet, eksisterande avrenningsmønster og planlagte endringar, lokalisering av areal for overvasstiltak, flaumsoner og flaumvegar, og beskriving av konsekvensar for område som ligg nedanfor.
     
  • Vurdering av forureiningsnivå i overvatn, vurdering av resipient og krav til vasskvalitet.
     
  • Vurdering av moglegheit for reetablering/opning av lukka vassvegar (naturlege vassvegar).
     
  • Lokalisering av planlagte tekniske VA- anlegg, som hovudleidningsnett, pumpestasjonar, trykkaukingsanlegg, reinseanlegg, slokkevassuttak, høgdebasseng, reinsedammar, infiltrasjonsareal, fordrøyingssystem, etc.
     
  • Dimensjoneringsgrunnlag og planlagt belastning (pe) inklusiv slokkevatn (leidningsdimensjonar skal gå fram av planteikning).
     
  • Berekningar som dokumenterer overvassmengder før og etter utbygging. Klimafaktor skal tas med i berekninga for situasjon etter utbygging. Det skal dokumenterast kor stort fordrøyingsvolum det er behov for, for å ivareta krav til utsleppsmengde.
     
  • Tydeleg beskriving av kva for ein del av anlegget som er planlagt for kommunalt eigarskap, drift og vedlikehald, og kva som skal vere privat.

Kontakt

Tore Andersland
fagleiar
Telefon: 56 57 50 23
Mobil: 907 98 124