Kva er ein reguleringsplan?

Ein reguleringsplan er kommunen sin måte å styre utviklinga av eit område på. Kor skal vi bu? Korleis skal vi bu? Kor skal vi ha friområde? 

Ein reguleringsplan er ein politisk vedteken plan over eit avgrensa område. Reguleringsplanen bestemmer korleis området kan brukast og kva som kan byggast der.
Planen består av eit kart med konkrete føringar for kva formål eigedomen har og kva som kan gjerast på eigedomen, til dømes kor høgt og stort du kan bygge. Dersom du planlegg å bygge på ein eigedom, må du først undersøke kva for reguleringsplan som gjeld for den aktuelle eigedomen.

To typar reguleringsplanar

Det finst to typar reguleringsplanar: områderegulering og detaljregulering.

Områdereguleringar styrer utviklinga i eit større område, til dømes Osøyro, Søfteland eller Nore Neset. Kommunen lagar områdereguleringar.

Detaljreguleringar er planar for mindre område, til dømes enkelte tomter. Både kommunen, privatpersonar, utbyggarar, organisasjonar og andre myndigheiter kan kome med forslag til ei detaljregulering, men det er fagpersonar som arkitektar og arealplanleggarar som utarbeider planforslaget, og dei må halde seg til dei overordna planane i kommunen. 

Alle planforslag skal vise moglege konsekvensar av forslaget, vurdere om forslaget følger overordna planar og få fram motstridande interesser, til dømes om det er verna bygg eller trua dyreartar i området.
Vi i planavdelinga i Os kommune gir råd om kva planforslaget må innehalde, og nokre gonger lagar vi eigne alternative forslag.

Arbeidet med ein reguleringsplan kan ta fleire år. Kommunestyret i Os vedtar reguleringsplanane.

Her finn du oversikt over planar under arbeid

Korleis kan du påverke reguleringsplanen?

Du kan kome med innspel til to rundar i planarbeidet: Når planarbeidet startar (ved varsel om oppstart) og når forslaget er klart (ved offentleg ettersyn). Dette blir kunngjort i Os og Fusaposten og her på Kunngjeringar. I kunngjeringane står det korleis du kan kome med merknader og innspel, og kven du skal rette dei til.
I begge rundane får naboar, grunneigarar og relevante offentlege organ varsel om planarbeidet. 
 

Varsel om oppstart

Når nokon skal lage ein reguleringsplan, til dømes eit arkitektfirma eller ein utbyggar, må dei varsle om oppstart av planarbeidet til naboar og andre som blir berørte av planen. Dersom du har fått eit slik varsel og har spørsmål eller innspel til planarbeidet, sender du dei til den fagkunnige som står som avsendar. Fristen er vanlegvis tre veker.

Offentleg ettersyn

Når vi har mottatt planforslaget, skal alle få moglegheit til å kome med innspel. No inneheld planforslaget detaljerte skildringar, kart og bestemmingar og andre utgreiingar, og ein tekst om korleis vi i kommunen vurderer planforslaget. Dersom du har merknader og innspel, sender du dei direkte til oss. Dette står i kunngjeringa. Fristen for å kome med merknader i denne runden er minst seks veker. 

Etter runden med offentleg ettersyn, skal vi i kommunen og den som har laga planforslaget, vurdere kva for uttaler/merknader som skal påverke planforslaget. Den som har laga planforslaget oppdaterer så forslaget, og vi sender planforslaget til politisk behandling i kommunestyret.