Kva kan gjera Osøyro meir attraktivt for barne- og ungdomsfamiliar?

Denne veka vil ca. 8000 husstandar som bur i eller har flytta frå kommunane Os, Fjell, Lindås og Meland få ein SMS med spørsmål om å delta i ei undersøking om bustads- og bumiljøpreferansar. Undersøkinga skal gje kommunane meir kunnskap om korleis barne- og ungdomsfamiliar ynskjer å bu, og kor attraktivt det er eller vil vera for slike hushald å bu i, eller tett på regionsentera Straume, Osøyro eller Knarvik m/asken mot Frekkhaug.

ballongdansen - Klikk for stort bileteLiv på Osøyro, Foto: Os og Fusaposten

Byregionprosjektet

Fjell, Os, Lindås og Meland deltek i Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt utviklingsprogram for byregionar, og står i fellesskap bak undersøkinga. Fellesprosjektet skal sikre god kunnskap om korleis vi kan utvikle endå meir attraktive og vekstkraftige regionsenter, for næringsliv, bedriftsetablerarar, innbyggjarar og tilflyttarar.

Treng meir informasjon om kvalitet i bumiljø

På vegne av kommunane er det Telemarksforsking som skal gjennomføre undersøkinga. Aktuelle tema som du kan verte spurt om er til dømes kva du synest er attraktive bustadstypar, kva for bu- og nærmiljøkvalitetar som er viktig i ditt val av bustad, og kva for tilbod, tenester, funksjonar, møtestader, uteområder m.m. som du meiner bør vera lett tilgjengeleg og tilrettelagt om ein skal bu i regionsentera. 

Resultat skal nyttast i kommunane sitt planarbeid

Mange og gode svar på disse viktige spørsmåla vil vera til svært god hjelp i kommunane sitt vidare arbeid med å utvikle attraktive bumiljø i regionsentera.

Kommunane håpar at alle som får tilsendt spørjeskjema tek seg tid til å svara. 

Om du har spørsmål kring undersøkinga kan du ta kontakt med Asle Andaas på epost aja@os-ho.kommune.no eller tlf 56 57 53 16.