Bustad for alle

Krav til innlevering av private planar i Os kommune - Vedlegg 6 

 
Kommunedelplanen Bustadsosial Handlingsplan (PDF, 715 kB) gjev ei breiare omtale av utfordringane og dei
tiltaka Os kommune ønskjer å ha fokus på. Visjonen er at alle skal ha ein trygg og eigna bustad,
same kva føresetnader ein har når det gjeld økonomi, fysisk form, helse eller sosiale tilhøve. For å sikra dette er det viktig med eit større fokus i den tidlege fasen av planarbeidet på å byggja variert, både i storleik, og
i ulike prisklasser, og nok bustader med universell utforming. Dette for å ha tilbod til bustadkjøparar i ulike livssituasjonar og aldrar.

Vi oppmodar utbyggjarar til å vera opne for ein dialog med kommunen om kva moglegheiter som kan liggja i området, og som kan medverka til å stetta dei bustadsosiale måla. Vi vonar at denne rettleiinga gjev inspirasjon til å medverka til nytte for både utbyggjar og kommunen.

Dersom utbyggjar ynskjer å medverka til å nå dei bustadsosiale måla til kommunen ved å nytta dei
moglegheitene som ligg i området, er det ein føremon å koma i tidlig dialog. Fylgjande punkt er eit
forslag til korleis dette kan uttrykjkast i planomtalen:

  1. Tal på bustader med Universell utforming (UU) / livsløpsstandard
  2. Variasjon i bustadtypar (til dømes lågprisbustadar)
  3. Andre tiltak

Den bustadsosiale handlingsplanen finn du på kommunen sine nettsider www.oskommune.no.
Søk etter “bustadsosial handlingsplan”.


Tal på bustader med Universell utforming (UU) /livsløpsstandard


I tillegg til dei lovpålagde tiltak om universell utforming, set Bustadsosial handlingsplan opp eit
overordna mål om universell utforming av nye bygg og uteområde (kap. 2.3.3 i hovudplanen 2007-
2014). Dette blir og presisert i den siste årsrulleringa av planen (2011), kap. 3.1

Hovudmål nr 1:
«Medverka til at bustadbygging vert tilpassa bustadbehovet for dei vanskelegstilte, deriblant
universell utforming». Ved låne- og tilskotstilsagn frå Husbanken vert det stilt som vilkår at
bustaden vert utforma universelt.
Os kommune oppmodar utbyggjarar til å planleggja med ein del bustader med UU / livsløpsstandard, slik at fleire kan bu i heimen sin lengst mogleg. Mellom anna inneber dette å sørgja for at ein i bustadar med fleire etasjar har høve til å ha alle basisfunksjonar i grunnetasjen, eller enkelt kan byggja om. Det kan også byggjast terskelfrie overgangar mellom rom, og mellom inne / ute, slik at rullestolbrukarar lett kan koma inn / ut av bustaden og ha tilgang til eventuelt terrasse i hovudetasje.

Kommunen oppmodar utbyggjar om å skriva i planforslaget kva for tiltak utbyggjar vil gjera i høve til
universell utforming og livsløpsstandard.


Variasjon i bustadtypar og -prisar


Bustadsosial handlingsplan set som mål at ein skal «leggja til rette for å ha ei variert samansetting av bustadar og integrering av ulike brukargrupper i bustadområda».

Kommunen oppmodar om at utbyggjar vurderer korleis planforslaget kan medverka  til dette målet og
mellom anna gjev svar på:

  • Tal på små bustader, og målgruppa for desse
  • Tal på rimelege bustader, og kort skildring av bustadstorleik (m² og tal på rom), bustadtype og, viss mogleg, eit grovt prisestimat pr bueining (inkl mva)
  • Om det er aktuelt med lågprisbustadar
  • Tal på bustadar med (moglegheit til) utleige-eining

 

Andre tiltak


Utbyggjar som planlegg senior- eller omsorgsbustadar, skriv kva som er tenkt for å leggja til rette for smarte løysingar i bygget (alarm, sensor etc etc).

Vi oppmodar utbyggjar om å lesa siste versjon av Bustadsosial Handlingsplan.