Momentliste for teikning av plankart

Krav til innleverte private planar i Os kommune  - vedlegg 3

Før du startar

  • Bestill digitalt kartgrunnlag hjå oppmålingsavdelinga.
  • Sjekk med kommunen kva målestokk som bør brukast. Endring av plan skal teiknast i same målestokk som gjeldande plan.
  • ”Rens” det digitale kartgrunnlaget for unødvendig informasjon som VA-anlegg, bygningsdetaljar og liknande.
  • Avklar planavgrensinga med planavdelinga.
  • Avklar eigedomsgrenser med oppmålinga.
  • Få plannummer av planavdelinga.
  • Avklar namn på planen med planavdelinga.
  • Skaff eventuelt aktuell hjelpelitteratur.

Plankartet generelt. Har du hugsa å …

  • .. markera planen si yttergrense?
  • .. plassera tittelfeltet til høgre i A-4 format, slik at det kjem fremst ved bretting?
  • .. setja mål på vegane, også på gangvegane?
  • .. setja på kurvepunkt og kurveradier på vegane og markera ev. breiddeutviding?
  • .. setja namn på vegar innafor planområdet ? (NB: Nye vegnamn må behandlast etter lov om stadnamn. Det er Kulturkontoret som har ansvaret for å fastsetja nye vegnamn)
  • .. føra på frisiktliner?
  • .. føra på topp skjering, botn fylling?
  • .. visa byggjegrenser mot veg?
  • .. setja på eventuelle byggeliner til alle sider?
  • .. teikna bygg som inngår i planen med tjukk strek?
  • .. markera privat og felles areal ved at fellesområdet vert skravert?
  • .. påføre rutenett og koordinatar?

For reguleringsplanen

  • Tekst alle reguleringsføremål med nummer og bokstav på kvart felt, for eksempel B1.
  • Tekst alle trafikkområde der det kan oppstå tvil om arealbruk.
  • Set på toppmøne og eventuelt toppplate på terreng på byggeområdet med kotenivå.
  • Set på areal på dei ulike føremåla (leik, bygg).
  • Kryss av eksisterande bygg som skal rivast / fjernast, omriss med stipla strek.
  • Set på utnyttingsgrad.
  • Merk av verneverdige bygningar og vegetasjon som skal inngå i planen.

Der det er naudsynt kan du òg …

  • .. føra på møneretning, takvinkel, plassering, maks. grunnflate og evt. husnummer
  • .. teikna vegane med senterlinje
  • .. ta ut eksisterande hus som skal fjernast
  • .. ruke oversiktskart på plankartet

Tittelfelt - Har du hugsa …

  • .. å gruppera føremål i samsvar med Plan- og bygningslova § 12-5?
  • .. å forklare alle føremål og symbol som er brukte?
  • .. å ta ut av tittelfeltet føremål og symbol som ikkje finnast på plankartet?
  • .. namn på firma og planleggjar?
  • .. korreksjonsfelt?
  • .. plannummer?
  • .. teikningsnummer?
  • .. dato, eventuelt revidert dato?
  • .. namn på planen, (geografisk stadfesting), så kort og presist som mogeleg?
  • .. målestokk?
  • .. nordpil?
  • .. saksbehandlingsfelt?
  • (Tittelfelt kan reduserast for små plankart.)
  • Kartgrunnlag Os kommune / Geovekst

Tips

  • Planen bør vera i A-format.
  • Planen skal vere leseleg i svart-kvitt, derfor er det viktig at føremålsgrensene er ”lukka”.
  • Følgjande på planen skal vera leseleg sjølv etter at han er nedkopiert:
    * Vegnamn og namn på område eller referansepunkt
    * Utnytting, etasjehøgder og reguleringsføremål
    * Tittelfelt
  • Unngå å skriva eller skravera over tekst i kartgrunnlaget.
  • Plankart og føresegner skal ha same dato.
  • Tittelfelt skal plasserast minst 7 mm frå kanten for å unngå problem ved kopiering.