Oppstartsmøte

Krav til innlevering av private planar i Os kommune - Vedlegg 1

Bakgrunn for å ha oppstartsmøte 

  • Tidleg avklaring av hovudpunkta i planarbeidet
  • Raskare saksbehandling og betre sluttresultat
  • Betre service overfor tiltakshavar med tidleg fokus på aktuelle problem og rett grunnlagsdokumentasjon

Avtale om oppstartmøte

Os kommune vil sterkt rå til at alle som skal laga ein plan, først tek kontakt med kommunen og avtalar eit oppstartmøte, før ein søkjer om oppstart av planarbeid og før det vert kunngjort oppstart av planarbeidet.

Kven er med på møtet?

Planavdelinga deltek med saksbehandlar og / eller plansjef. Einingsleiar møter dersom det trengst. Dersom det trengst, kan planavdelinga kalla inn ein fagperson frå oppmåling, og / eller ein frå byggjesak, eining for kommunalteknikk, brannvesen, kulturavdelinga eller landbruk.

Førebuing til møtet

 

Tiltakshavar

  • Finna fram material om gjeldande plansituasjon i området og aktuelle overordna føringar. Sjå plansituasjon på kartios.no
  • Utarbeida kartskisse for avgrensing og lokalisering av planområdet, samt skisser av eventuell utbygging / overordna plangrep.
  • Setja opp aktuelle hovudpunkt eller tema i planarbeidet som ein ønskjer å få avklara med kommunen.
    Dette er naudsynt materiale for å kunna avtala og gjennomføra oppstartsmøte.

 

Planavdelinga

  • Vurdera hovudpunkt, og informera andre aktuelle einingar og / eller avdelingar om møtet
  • Ber om førebels vurdering.

 

Gjennomføring av møtet

  • Tiltakshavar informerer om planane sine for tiltaket og området. Ein følgjer eiga momentliste i mal for referat for oppstartmøte. Naudsynt planmateriale vert delt ut. Krav til innleverte digitale plankart vert delt ut og gått gjennom.

    Føremålet med møtet er å oppretta kontakt på eit tidleg stadium og å gje gjensidig orientering. Synspunkt og råd frå planavdelinga er generelle og overordna, førebels og ikkje bindande for den vidare planprosessen. Det kan dukka opp ukjende moment, og det skal gjerast politiske vedtak. Planavdelinga skal prøva å summera opp på slutten av møtet og gje tiltakshavar råd om vidare saksgang.
     
  • Referat frå møtet
    Det skal skrivast referat frå møtet. Begge partane skal godkjenna referatet.

    Mal for oppstartsmøte